tirsdag 24. mai 2011

Bokmelding av “Kaninbyen” av Arild Rein



Kaninbyen handlar om livet og dei negative synspunkta til Jonny Roxmann som er hovudpersonen i boka. Jonny er ein oppsagt politimann som bur i ei kolonihagehytte i Stavanger. Vi får i boka eit innblikk i korleis han ser og opplever samfunnet i Stavanger. Forfattaren skriv på ein negativ måte som blant anna inneheld verkemiddel som banneord og negative tankar.

Stavanger vart sett på som ein negativ plass frå Jonny sin ståstad. I følgje dei fleste menneske, vart Stavanger og Noreg generelt gjerne framstilt som ein plass der alle har det godt. Dette synet kjem særleg etter at Noreg vart ein oljenasjon. Måten forfattaren skriv på, får opp auga til leserane. Det negative språket som vart brukt forsterkar oppgjøret forfattaren ønskjer å formidle. Han er kritisk til samfunnet og korleis samfunnet og menneska fungerer. Forfattaren ynskjer at lesaren skal få oppleve eit nytt perspektiv av Stavanger.

Det står blant anna skrive: “ i 1995 er det viktigaste årstalet i nyare norsk historie. Det var det året det blei slutt på norsk utanlandsgjeld og Norge blei rentenist, plasserte dei jævla oljekronene i utanlandske fond for å få avkasting, altså arbeidsfrie kroner” (Rein 2004, side 80-81). Her observerer vi eit tydeleg eksempel på forholdet hans til samfunnet.  Før i tida var vi kanskje meir opptatt av folk rundt oss og det sosiale livet, mens vi no er blitt meir og meir oppteken av status og oss sjølve. Eg trur han ynskjer å få fram at pengane Noreg tenar brukar vi på oss sjølve, utan å tenkja så mykje på andre land sitt behov.

I boka beskriv forfattaren korleis menneske lever bak ein skjult identitet. Forfattaren gir eit bilete på korleis menneskja eigentleg er. Til dømes møter Jonny ei kvinne som heiter Kim. Ho held blant anna på med menneskesmugling. Dette kjem ikkje fram før mot slutten av boka. I tillegg både stel og ljug Ronny veldig mykje sjølv. Han lyg ikkje berre til framande, men også til dei han er glad i.

Det står i boka: “eg kjende meg som ein jævla ulv som var i ferd med og storma inn i ei innhegning med kaninar” (Ibid, side 77). Dette er kjensla han beskriv når han er i ferd med å gå inn i butikken for å stele bacon. Eg meiner dette har ein samanheng med boka si tittel, kaninbyen. Forfattaren brukar dyreverda til å samanlikne og gje eit bilete på korleis identitetar og samfunnet hengar saman den dag i dag. Eg trur at forfattaren si haldning er at Stavangers befolkning er ein gjeng med kaninar, og at kaninar er uvitande dyr. Til dømes var det enkelt for Jonny og stele bacon. 

Jonny brukte også tid på å fotografera bilete utan menneske i. Det var ein slags hobby han hadde hatt sidan barndommen. Han fotograferte blant anna tomme veggar, plassar og smug. Grunnen til dette er kanskje å vise fram byen på ein anna måte enn det som elles blir framstilt i media.

Denne boka er blitt skrive på ein spesiell måte ettersom fleire menneske reagerer på måten forfattaren formidlar bodskapen sin på. Det blir blant anna diskutert om romanen kan omtalast som seriøs eller underhaldande. Eg meiner sjølv at romanen er seriøs men kanskje noko spesiell. Eg ville kanskje ikkje formidla bodskapen på same måten, men eg meiner framleis at forfattaren har ei seriøst bodskap med det han skriv.

Eg trur at boka kan vere uinteressant og upassande for mange ettersom det vart brukt mykje banneord i tillegg til at boka ikkje byggjar seg opp mot eit spenningspunkt. Jonny brukar veldig mykje tid på å kritisera alt og alle, og mange synast nok dette er ufint. Leserane finn nok meininga med boka, berre dei får tenkt seg om ei lita stund. Dette var nok strategien bak bodskapen.

Eg meiner sjølv at det finnes mange fleire og kjekkare bøker enn Kaninbyen. Dette meiner eg fordi Kaninbyen vart konstant omtala på ein negativ måte. Eg synast det er mykje kjekkare å lese bøker som også omhandlar positive hendingar og tankar. Ein må derimot ikkje gløyme at boka har ei djupare meining. Det får lesaren til å sette Stavanger og verda generelt i eit nytt perspektiv.






















Av Cecilie Eiken

Kjeldar:
- Rein, Arild.2004. Kaninbyen. Det norske samlaget. Oslo